Sauer som beitar i strandkanten på Andøya

siggjo(64)
Published in
#norway
Words
108
Reading
1 min
9y
Listen to this post
~1 min

På vestsida av Andøya er det mange fine sandstrender mot Atlanterhavet. På desse strendene kan ein stundom sjå både sauer og kyr som beitar i området. På det første biletet frå stranda på Nordmela, ser me at sauene heldt seg i strandområdet og beitar på det saftige og frodige graset. Traktoren og løa kan ein òg få auga på like i nærleiken.

DSC_3007.jpg

På det neste biletet kan ein sjå at sauene har teke seg ein pause i beitinga og kviler i stranda. Fjellet i bakgrunnen heiter Børra. Det raudfiolette beltet i bakgrunnen på biletet er eit parti med geitrams som blømer frodig i desse traktene i august månad.

DSC_2976.jpg

Sauer som beitar i strandkanten på Andøya | Ecency