Kjærleik : Eit dikt du ikkje vil gå glipp av.

Fyste gong eg såg ho, sa det berre BANG!
Eg lir nemleg av for tidleg sædavgang.
Ho var så fager, med det vakre håret,
eg tok motet til meg, og skjulte flekken på låret.
Ein setning kom stammande ut av min munn,
eg hugsar ikkje kva eg sa, men det må ha virka, i grunn.

For ho fall for meg, gjekk i bakken med skeivt smil,
tydelegvis treft av Amors søte pil.
Eg bøygde meg ned, spurte “gjekk det bra?”
Og stira på brysta eg så gjerne ville kna.
Ho byrja å riste, kunne min kjærleik svi?
Venninna hennar kom til, sa ho hadde epilepsi.

Ei sprøyte seinare, og ho var like frisk.
Eg freista spørje om ho vart med på ein bisk.
Eg spela urban, “blir du med på kafé?”
For ingen dame kan vel sei nei til det?
Men å bestille kaffi er ikkje lett,
skumfri makkelatte med ekstra fett.

Skvipet smaka daud, men samma det,
dama var så vakker at eg kunne gått ned på kne.
Ho var lynande glup, så smart som det går an,
snakka om politikarar åt namnet Kardashian.
Eg høyrde ikkje etter når sant skal seiast,
for buksebeistet skreik til meg; “når skal det reiast?”

Og med skitne tankar om kløft og sprekk,
fekk også mitt andre bein ein flekk.
Med tom tank for dagen vart eg nøgd og glad,
eg tok min jakke og reiste avstad.
Somme tider møter eg den vakre dama igjen,
men ikkje for lenge, alt eg treng er ein klem.

(Dette diktet la eg først ut på heimesida mi)

H2
H3
H4
3 columns
2 columns
1 column
Join the conversation now
Logo
Center