Kvifor betale me skatt, og kvifor heiter det skatt?

Har du nokon gong lurt på kvifor me betale skatt? Eller har du berre godtatt det som ein del av systemet me leve i fordi; «det har alltid vore sånn» ? Vel frå kve eg har blitt lært via skulen (indoktrinert?) så betale me skatt inn til eit sentralt stats apparat for å betala våras del av midlar som blir brukt til forskjellige prosjekter som skal nytta heila landet. Som sjukehus, vegar, skule og eit rettsvesen me kalle politi.

Men Om det er berre bra ting som folket generelt sett vil ha og synest er bra, kvifor då er det samla inn med tvang? For om du sko nå velja å ikkje betala skatt eller villa betale mindre enten om det er deler du ikkje er einige i eller ikkje har råd, så blir du straffa av retts systemet. Kvifor er det ikkje frivillig og då at du får nytte av det du støtte eller noko tilsvarande?

Ein anna ting me blir fortald på skulen er at det er staten som lagar pengane, men kvifor då trenge me betala skatt for at dei skal ha råd til å gjera det staten bruke pengar på ?`Vel ein logikk kunne vore at det var ein form for regulering av kor mykje pengar som er i flyt, men det har eg aldri høyrt snakk om, og då hadde det heller ikkje vore ei konstant inflasjon som det er idag.

Om me kan stola på det som Snorre Sturlason skrive i Norges konge soger, så kan me få ein liten forståing av kvifor frå den tida. For når Norge og ellers verda var meir styrt av krigs herrar for å sei det enkelt (om me ikkje enda til ein viss grad er det) så betalte folket faktisk mindre skatt enn idag. Og den skatten dei betale var, ja, tvungen. For det som var grunnlaget då var at kongen krov inn ein betaling for at han verna det landet han tok styring over, mot å bli herja av andre kongar eller vikingar. Vist dei ikkje godtok det, så berre tok kongen det dei hadde og til tider brann ned gardane. Ergo ein form for mafia verksemd.

Over tid ettersom det å betala litt av dine resursar til kongen blei gjort til ein vane over tid, og i freds periodar så blei det til ein standard. Og etter som kongane for rundt på besøk og blei eit symbol i landet så blei det til og med ei æra å betala sin del til kongen, så sant kongen var godt likt. Og med dette i tankane så er vel det grunnen til at det heiter skatt? At be betale inn til det som er kongen sin skatt?

H2
H3
H4
3 columns
2 columns
1 column
Join the conversation now