Neglelakk - Livsviktig kunnskap for fedre

Eg har ikkje hatt mykje erfaring med neglelakk. Til det er eg sjølvsagt alt for mandig. Det vetle eg har av erfaring har kome ufrivillig. Mine to eldre søstre har nemleg, ved ei rekke tilfeller, brukt den stakkars, forsvarslause vetlebror sin som levande dokke. Eg vart påkledd kjole, sminka og dulla med på det grovaste. Eg lid fortsatt av post traumatisk stress etter desse episodane, men eg held fortsatt ut.

No har eg vorte eldre, og har to små jenter som faktisk likar å ha på seg kjole og slikt femistyr. Derfor har eg måtta lært meg dette med neglelakk. Og lat meg sei det rett ut med ein gong, neglelakk er noko infernalsk styggedom. Små ungar har tilsvarande små negler. Særleg små i forhold til neglelakkbørsten. Det tørkar seinare enn narkoleptisk sirup når du vil det skal gå fort, medan det tørkar raskare enn ein turbolada tørketrommel om du vil det skal tørke sakte. Det er som om fandenskapen lev sitt eige, miserable liv, skapt kun for å plage den mannlige populasjonen. Men her kjem mine tips.


Det viktigaste for jentungane er å få på seg neglelakk. Kva farge dei får er ikkje så farleg, så lenge du ikkje gir dei så mykje å velje mellom. Får dei mange fargar å velje mellom får du fort beskjed om at det skal vere forskjellige fargar på kvar negl, og då blir du sitjande ei god stund. Eg vil derfor anbefale at du skaffar lakken sjølv, Hennes og Mauritz er berre ein av mange butikkar med billig neglelakk. Einsfarga, vanleg neglelakk er noko shait å få beint og fint på negla. Min neste anbefaling er derfor at du kjøper gjennomsiktig neglelakk med fargeflak i. For sjølv om du bommar litt med denne så ser det likevel ikkje ut som jentungen har blitt solgt til eit sirkus. Legg papir under hendene til vetlesnuppa, klin på smørja, og la jentene riste og blåse det turt. Det har dei gjerne sett store jenter gjere på tv, så då føler dei seg litt vaksne.

For å konkludere:
– Hald deg til eit lite utval, helst kun ein neglelakk.
– Kjøp helst gjennomsiktig neglelakk, med fargeflak i.
– Legg papir under hendene for å unngå søl.
– Klin på og la småtrolla riste/blåse seg turre.

Mor vert straks imponert over neglelakkskillsa dine, og kanskje wankar det ei belønning, med eller uten neglelakk?

(denne artikkelen vart først lagt ut på heimesida mi)

H2
H3
H4
3 columns
2 columns
1 column
Join the conversation now
Logo
Center