Fargeprakt på Andøya i august

siggjo(64)
Published in
#norway
Words
109
Reading
1 min
Listen
Play
9y

Slik kan geitramsen ta seg ut etter at midnattsol og lyse netter har stimulert plantene til å stå fram i slik ein rik fargeprakt.
Fantastisk. Biletet teken tidleg i august på Nordmela på Andøya. Geitramsen (Chamerion angustifolium) blømer frodig og rikt i desse traktene i august månad.

Geitrams.jpg

Eit nytt bilete av geitramsen som illustrerer kor frodig det kan vera i desse traktene på denne tida. Fjellet i bakgrunnen heiter Middagsfjellet. Namnet har fjellet fått sidan sidan sola står i sør sett frå bygda Nordmela ved middagstid.

Middagsfjellet.jpg

Det siste biletet viser fjellet Børra i bakgrunnen. Legg merke til måsen som står på toppen av ein lysstolpe til venstre i biletet.

Børra.jpg

Fargeprakt på Andøya i august | Ecency