Shagtime!
Rettelse, skjeggtid heiter visst ikkje shagtime på engelsk. Merkeleg. Uansett, tid for å teste eit skjeggprodukt.
Dette er det første stylingproduktet for skjegg eg har prøvd. Eg er sikker på at mange ikkje veit at slikt fins eingang. Men det gjer det altså. Det fins litervis med oljar og tonnevis med balsam, voks og smørprodukt til det fagre, mandige andletshåret. Ja det fins sikkert produkt for kvinneleg trynepels og, men det er det andre sin jobb å teste.
Produktet eg testar har eit frykteleg langt namn. Grave Before Shave – Bay Rum Beard Balm. Produktet er handlaga over dammen, og inneheld – i følgje produsenten Grave Before Shave – berre dei finaste oljar og smør. Skreiv eg smør? Jaggu gjorde eg det. Men her snakkar vi skjeggsmør av til dømes kakao og shea, ikkje heimelaga smør frå Systrond Smørlag.
Boksen som balsamen kjem i har eitt minus. Den har ingen låsemekanisme, men ligg ganske laust på. For ein mann i farta kan dette føre til søl i ei toalettveske, men hald deg heime, så unngår du det problemet. Designet på boksen er forresten knallandes tøft, hovudskallar er aldri feil.
No er ikkje skjegget mitt frykteleg langt. Vi snakkar rundt 5 cm på det lengste. Eg kan vel derfor ikkje uttale meg om korleis effekt den har på eit 13 år gammalt Chewbaccaskjegg. Men det eg merkar er at håra vert mykje mjukare og kjennes meir levande ut. Med det meinar eg at det ikkje kjennes så turt og stritt ut. Utan balm i skjegget er det ein jungel av bust i alle retningar. Litt balsam før runden med skjeggkammen gjer at ein slepp dette. Bay Rum lukta er beskjeden og behageleg, og ligg lett og luftig i pelsen. Det vert spennande å sjå korleis den hamlar opp med fjesdotten etterkvart som den veks, men slik det ser ut hittil så lovar det godt. Den kan aboslutt anbefalast.
Grave Before Shave – Bay Rum Beard Balm finn du hjå blandt andre Cut-throat.no
(dette er ein test eg først la ut på heimesida mi)