Bløming på hasselbusken

Hassel Corylus Avellana vert kalla både tre og busk - alt etter kva fasong hasselen har. Hasselen er ein av dei tidlegaste til å bløma om våren. Alt i februar kan ein sjå dei gule raklane på desse buskane. Dette varierer frå år til år alt etter kor mildt det er. Men viser dei seg ikkje fram i februar, kan du få sjå dei gule hannraklane i løpet av mars månad, som er den er tida då dei fleste haslane blømer.

Hasselen blømer på naken kvist, dvs før blada kjem fram noko du kan sjå på dette biletet.

DSC_7699.jpg

Hasselen er sambu. Det betyr at same tre har både han- og hoblomar på busken. Det er lett å få auga på dei store og hengjande gule hannraklane som er rike på blomsterstøv eller som ein og kallar det pollen. Vinden fraktar blomsterstøvet til dei sprikjande raude hoblomane, natavona som ikkje er så lette å få auga på.
Ser du nøye etter på dette bildet, vil du kunna sjå dei små raude hoblomane eller natavona som dei og vert kalla.

DSC_7701.jpg

Får du ikkje auka på dei raude hoblomane på dette bildet, kan du likevel sjå det på dette bildet.

DSC_7704.jpg

Det er desse hoblomane eller som seinare utviklar seg til nøtter eller neter som dei og vert kalla i Sunnhordland.

H2
H3
H4
3 columns
2 columns
1 column
29 Comments
Ecency